Bruke musikk i film og biletforteljingar

Bruke musikk i film og biletforteljingar

Å lage video eller biletforteljingar inngår ofte i elev- og studentarbeid. Å setje musikk til produksjonen gir gjerne ei betre bruksoppleving. Det kan vere aktuelt å legge presentasjonen i læringsplattforma eller laste han opp på Internett (t.d. YouTube). Men vanlegvis kan du ikkje bruke musikk frå dei vanlegaste kjeldene (CD-ar, iTunes, Spotify og radio) i presentasjonar som skal leggast på nettet.

Slik gjer du det

  • Vurder kostnadene. Det er generelt dyrt og omstendeleg å bruke musikk laga av andre. Vurder derfor alltid først å bruke musikk utgitt under fribrukslisensar, eller vurder om du kan lage eigen musikk. 
  • Vel musikk du kan bruke utan vidare. Du finn mykje musikk frå artistar som gir ut musikk under Creative Commons-lisens. Du kan leite etter slik musikk på til dømes www.freemusicarchive.org eller www.opsound.org. Bruk av CC-lisensiert musikk er eit trygt val dersom du veit at produksjonen skal leggast ut på ei open nettside. Hugs å angi den aktuelle CC-lisensen i presentasjonen før du publiserer han. 
  • Kjøp tidsbestemt bruk. Det finst leverandørar av såkalla royalty-fri musikk (sjå t.d. www.jamendo.com). Du kjøper bruksretten for ein spesifikk tidsperiode. Bruk av ein spesifikk bakgrunnsmusikk i ein elev- eller studentproduksjon som ligg ope på ein nettstad, kostar typisk 2-300 kr per år. 
  • Lag eigen musikk. Vurder eventuelt om du kan lage musikken sjølv. Framfører du eigenkomponert musikk, treng du ikkje å kontakte nokon, og du kan gjere kva du vil med arbeidet. Det kan følgje musikkprogramvare med datamaskina (t.d. Garageband for Mac), og du finn mykje programvare på nettet. Nokre av programma er gratis, deriblant FL Studio (www.flstudio.com) og Traktor DJ Studio (www.native-instruments.com), mens andre kostar pengar, deriblant Reaper (www.reaper.fm), som finst for både PC og Mac, og Music Maker (http://www.magix.com/no/music-maker/) for PC. Cakewalk (www.cakewalk.com) og ei rekkje andre har programvare profesjonelle brukarar.
  • Innhent løyve. Dersom du vil bruke musikk som er utgitt av andre, og som ikkje er utgitt under fribrukslisens, må du innhente løyve dersom arbeidet skal gjerast ope tilgjengeleg på Internett. Du må rekne med å måtte betale. Kontakt NCB/TONO for å få avklart prisen; for tida kostar det kr 12,70 per sekund å bruke (nordisk) musikk i film som blir lagd ope ut på Internett. For ikkje-nordisk musikk kontaktar NCB/TONO musikkforlaget for å avklare prisen. Det er tre ting som er viktige i den samanhengen:
    • Kven som har skapt musikken. Ved å kontakte NCB/TONO får du tilsendt søknadsskjema. Har komponist og tekstforfattar til originalstykket vore død i meir enn 70 år, kan du fritt framføre musikken i elev- eller studentarbeidet ditt.
    • Kven som har produsert musikken. Når du har fått løyve frå opphavspersonane, må du sjølv (dette gjer ikkje NCB/TONO for deg) òg få løyve frå plateselskapet og artistane som har utgitt den produksjonen du har tenkt å kopiere. Hugs at du må gjere dette sjølv om opphavspersonane til verket har vore døde i over 70 år.
    • Korleis du har tenkt å bruke musikken. Innhent løyve dersom du har tenkt å legge produksjonen ope ut på nettet, eller dersom du vil dele produksjonen din med medelevane i læringsplattforma. Viss produksjonen derimot er ein del av undervisninga og blir sletta etter lærarvurderinga, treng du ikkje å innhente løyve. Film som blir lagd ope ut på nettet, bør leggast ut som streaming, dvs. at han ikkje kan lastast ned. Nedlastbar film inneber høgare vederlag til rettshavarane.
  • Remiksing kan vere morosamt. For å remikse musikk laga av andre må ein få løyve direkte frå kvar enkelt rettshavar. Her kan ikkje NCB/TONO hjelpe deg. CC-merkt musikk utgitt under éin av lisensane som tillèt redigering, kan remiksast. 
  • Krediter utøvarane. Bruker du musikk som venner eller familiemedlemmer framfører, må du kreditere dei i «rulleteksten» i produksjonen din.

Vil du vite meir?

Wize Music - CC BY-NC-ND 2.5 wizerecords.com