Finne bilete på nettet for bruk i undervisningsmateriale

Finn og bruk bilete

Bilete eignar seg til å illustrere poeng og gjer innhaldet meir interessant. Med bilete meiner vi teikningar, grafiske framstillingar, kart, avbildingar, fotografiske verk og foto. Kopinor-avtalane for grunnopplæringa og utdanningsinstitusjonane gir elevar og studentar høve til å kopiere og gi att digitalt bilete – norske og utanlandske – som er utgitt i bøker, tidsskrift, blad, aviser m.m. og på Internett, for bruk i undervisningsmateriale lagra i læringsplattforma. Avtalen omfattar ikkje originaleksemplar av biletkunst og fotografi. Kopieringa skal heller ikkje erstatte kjøp av bilete dersom det elles ville vere naturleg. Skal du legge materialet ope ut på Internett, må du ha løyve frå opphavspersonane.

Slik gjer du det

  • Planlegg korleis bilete kan gjere presentasjonen din rikare.
  • På Internett finn du store mengder bilete, men det er ikkje berre å kopiere dei utan vidare. Mange biletarkiv og søkjetenester har indeksert bileta m.a. etter lisens og kan filtrere på desse kriteria (gjeld t.d. Google Images og Flickr). Finn fram til bilete som er merkte som lovlege å gi att.
  • Skal du skal legge det ferdige undervisningsmaterialet ditt ope ut på Internett, er det trygt å bruke Creative Commons-lisensierte (CC-) bilete. CC-lisensiering inneber at det alt er gitt løyve til gjenbruk. Då kan ein bruke dei slik det er sagt i den      spesifikke lisensen. CC-lisensierte bilete finn du t.d. på www.flickr.com/creativecommons og www.freephotobank.org.
  • Det finst òg mange bilete som er «falne i det fri» – t.d. ved at vernetida er gått ut, eller at dei på andre måtar er blitt «public domain». Ei kjelde til slike bilete er www.publicdomainpictures.net. Merk at ulike typar biletmateriale kan ha ulik vernetid.
  • Undersøk om skulen eller institusjonen din abonnerer på såkalla «stock»-tenester (t.d. www.istockphoto.com), som er store biletarkiv ein kan kjøpe bilete frå.
  • Skal materialet med biletet som er gitt att, berre ligge i læringsplattforma eller brukast i klasseroms- eller auditorieundervisning, trengst ikkje løyve frå rettshavaren. Sjølv om nokre unntak gjeld (m.a. for originalfotografi), gir som nemnt      kopieringsavtalen med Kopinor grønt lys for dette. Vil du bruke fleire bilete frå éin og same publikasjon, må bileta samla sett ikkje utgjere meir enn 15 % av publikasjonen (for bøker og liknande som framleis er i handelen; 30 % for det som ikkje lenger er i handelen).
  • Skal materialet òg leggast ut på Internett, må du bruke bilete der løyve er gitt (t.d. gjennom CC-lisensiering), eller innhente skriftleg løyve frå opphavspersonen. I det sistnemnde tilfellet må du rekne med å måtte betale vederlag.
  • Du har sjølvsagt opphavsrett til dine eigne bilete og kan bruke dei korleis du sjølv vil, også publisere dei på Internett. Dersom du i ein presentasjon som skal eggast ut på Internett, har tenkt å bruke bilete som viser andre personar, må du likevel ha eksplisitt samtykke frå vedkommande.
  • Kopier inn biletet til presentasjonen din. Namn på opphavspersonen og kvar du fann biletet, skal alltid takast med i bilettekst under biletet eller annan stad på den sida biletet er oppført. Dette gjeld sjølv om biletet er falle i det fri på grunn av at vernetida er gått ut. Er det snakk om CC-lisensierte bilete, bruker du lisensveljaren (http://creativecommons.org/choose/) til å produsere biletteksten. For public domain-bilete må kjelda (nettstaden) nemnast.

Dersom materialet berre er utarbeidd for bruk i læringsplattforma eller i klasseroms- eller auditorieundervisning og derfor omfattar bilete som er kopierte utan eksplisitt løyve frå opphavspersonen, må du forsikre deg om at materialet blir merkt, namngitt eller katalogisert slik at det ikkje seinare uforvarande blir lagt ut på Internett.

Vil du vite meir?

Lagrings- og delingsarenaen Flickr: www.flickr.com