Legge til rette for gjenbruk av eige undervisningsmateriale

Legge til rette for gjenbruk av eige undervisningsmateriale

Når du utarbeider undervisningsmateriale, bør du tenkje på korleis materialet kan bli gjenbrukt. Merkjer du materialet med ein fribrukslisens som til dømes Creative Commons (CC), beheld du din eigen opphavsrett, men du er med på å legge til rette for meir deling og gjenbruk i undervisninga. Ein må likevel kjenne dei ulike lisensføresegnene.

Slik gjer du det

  • Sjekk interne regelverk. Spør først arbeidsgivaren din om de har ein politikk eller eit internt regelverk for immaterielle rettar, også til digitale læringsressursar som dei tilsette produserer. Det kan hende institusjonen har meiningar om kva lisensiering som er aktuell for materialet ditt. 
  • Undersøk eventuelle tekniske krav. Sjekk med arbeidsgivaren om det finst retningslinjer for tekniske format, namnsetjing o.a. for undervisningsmateriale som skal lagrast i læringsplattforma eller på annan måte for seinare intern bruk i undervisninga. 
  • Gi kollegaene dine høve til å bruke det du lagar. Legg til rette for gjenbruk av materialet ditt ved å lisensiere det under ein Creative Commons-lisens. Då kan andre kopiere og spreie verket ditt så sant dei namngir deg som opphavsperson, men berre på dei vilkåra den aktuelle lisensen stiller. 
  • Vel rett lisens. Del verket ditt på visse vilkår ved å bruke Creative Commons lisensveljar til å bestemme rett lisens. Der må du gjere nokre val, så får du ein HTML-kode som du kan bruke som bilettekst eller på anna vis innarbeide i materialet du legg på nettet. Er det snakk om eit tekstdokument, kan lisensveljaren generere ein tekst du kan legge inn på passande stad i dokumentet. 
  • Bestem korleis det du lagar, skal kunne brukast vidare. Vel om du vil la andre tene pengar på materialet ditt, og om nokon skal ha lov til å redigere det. Seier du ja, kan du forlange at dei som endrar materialet, også gir andre igjen løyve til å endre – på same vilkår. Vel til slutt jurisdiksjon (Noreg), namn på dokumentet/produksjonen, ditt namn som opphavsperson og URL (nettadresse) der ein finn utgivinga di i original versjon. 
  • Bestem om det kan krevjast pengar for vidare deling. Vel du at andre ikkje skal kunne tene pengar på arbeidet, og at dei må dele vidare på same vilkår, får du ein «by-nc-sa»-lisens. I presentasjonen din kan det då stå: «This work is licensed under the Creative Commons Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0  Norge License. To view a copy of this license, visit http://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0/no/.» På ei nettside eller ein blogg vil eit grafisk lisenssymbol passe betre; sjå http://creativecommons.org/licenses/ for å få vite meir om dette. 
  • Ikkje bryt lisensen andre har publisert materiale under. Har du brukt andres bilete eller tekstelement i undervisningsmaterialet ditt, kan du ikkje påføre den samanstilte produksjonen din ein lisens som bryt med lisensen for desse elementa. Har du fått løyve til å bruke copyright-beskytta bilete, kan du altså ikkje utan vidare legge ut heile presentasjonen din under ein CC-lisens. Tilsvarande kan du ikkje legge ut ein presentasjon under ein CC-lisens som tillèt kommersiell bruk av heile presentasjonen, dersom denne også omfattar bilete utgitt under ein lisens som ikkje tillèt kommersiell bruk. Har opphavspersonen til bileta du har brukt, publisert dei under ein «del på same vilkår»-lisens, kan du ikkje legge ut heile presentasjonen din under ein «inga redigering»-lisens.

Vil du vite meir?

Om kreditering av opphavspersonar til CC-lisensierte arbeid: http://www.wikihow.com/Attribute-a-Creative-Commons-Licensed-Work

Share alike (Creative Commmons)