Legge ut avbildingar av andre personar

Legge ut avbildingar av andre personar

I mange samanhengar kan det vere aktuelt å avbilde personar på videoopptak eller fotografi. Dersom undervisaren som utarbeider undervisningsmaterialet, bruker digitale foto eller filmmateriale som viser personar, er det viktig at dette blir gjort med samtykke frå desse personane.

Slik gjer du det

  • Innhent løyve: Hovudregelen er at eit fotografi eller ein film som avbildar ein person, ikkje kan givast att eller visast offentleg utan samtykke frå den som er avbilda. Du må altså i utgangspunktet innhente løyve frå studentar, elevar (og føresette dersom elevane  er under 15 år) og andre som eventuelt opptrer på biletet/filmen som inngår i undervisningsmaterialet. 
  • Personvern: Retten til eige bilete (jf. åndsverklova § 45c) kjem i tillegg til det opphavsrettslege vernet som inneber at bruken av eit bilete eller ein filmsekvens krev samtykke frå den som har opphavsretten til verket. Dersom du som undervisar er opphavsperson til avbildinga, er samtykke frå dei avbilda personane det einaste du treng å ta omsyn til. Hugs at dette gjeld så lenge dei avbilda personane kan kjennast att, altså til dels sjølv om ansiktet er skjult. 
  • Unntaka: I nokre samanhengar kan bilete likevel brukast utan samtykke frå den avbilda:
    • Dersom avbildinga har aktuell og allmenn interesse. Dette er ein viktig unntaksregel som mellom anna gir pressa rett til å bruke personbilete i nyheitssamanhengar og i samband med offentlege kultur- og idrettsarrangment. Tilsvarande unntak kan òg gjelde for kjende personar (politikarar, kjendisar og andre) når dei opptrer i meir private samanhengar. 
    • Dersom den avbilda er utanfor «fokus», dvs. dersom biletet eller filmen avbildar ein eller fleire personar og desse har ei underordna rolle i høve til hovudinnhaldet. Eit eksempel er når ein person tilfeldigvis er med i ytterkanten av biletet eller filmsekvensen eller er synleg langt borte i eit panoramabilete. 
    • Dersom vernetida er gått ut. Vernet (kravet om samtykke) for bruk av eit bilete gjeld i levetida og 15 år etter at den som er avbilda er død, men minst til biletet er 50 år gammalt. Etter den tid kan biletet eller filmopptaket brukast fritt. 

Vil du vite meir? 

Classroom people with teacher (Public Domain)