Legge ut ei førelesing som podcast

Legge ut ei førelesing som podcast

Mange anerkjende universitet og høgskular gjer opptak av førelesingar fritt tilgjengelege på nettet. Podcastane er viktige ressursar for studentar som følgjer undervisninga, men òg for marknadsføring av institusjonen. I grunnopplæringa har nokre skular òg teke i bruk podcast i undervisninga med stort hell.

Slik gjer du det

Snakk med arbeidsgivaren din – det kan hende dei har ein standardavtale du må skrive under som gir dei bruksrett til opptaka dine, regulerer ansvar og gir redaksjonelle og tekniske retningslinjer for korleis du skal publisere (t.d. om metadata som skal følgje opptaket).

  • Vel opptaksutstyr og programvare som er tilpassa bruken av opptaket. Rådfør deg med kollegaer og gjerne også med andre som har erfaring. I nokre redigeringsprogram kan du enkelt velje publiseringskanal og filformat for opptaket. 
  • Innhent løyve. Dersom du bruker bilete og/eller anna materiale som andre eig, må du ha løyve frå den som har opphavsrett, før du legg det ut på Internett. Denne videoen forklarer korleis du finn bilete der slikt samtykke alt er gitt, og som du derfor fritt kan bruke i førelesingar du legg ut på Internett. 
  • Vurder i forhold til open publisering. Bruker du materiale som ikkje er falle i det fri (vernetida er ikkje gått ut) eller er lisensiert under ein fribrukslisens (t.d. Creative Commons), må du ha samtykke frå rettshavarane før du publiserer førelesinga på Internett. Så lenge du berre kopierer litt (ikkje over 15 %) av ein tidlegare utgitt publikasjon, kan du fritt legge førelesinga i læringsplattforma eller bruke henne i klasseroms- eller auditorieundervisninga utan samtykke frå opphavspersonane.
  • Vurder også personvern. Gjer studentane som er til stades på førelesinga, merksame på at du gjer opptak, og at det skal publiserast på Internett eller i læringsplattforma. Kan enkeltstudentar identifiserast, t.d. gjennom nærbilete eller ved at utsegner blir gitt att, bør dei informerast om det. 
  • Siter rett. Dersom sjølve undervisninga faktisk handlar om det opphavsrettsleg beskytta materialet, treng du ikkje innhente samtykke så lenge det kan definerast som sitat. Hugs at opphavspersonen likevel må nemnast ved namn eller gå fram. 
    Sjekk elles føresegnene om sitatrett i åndsverklova
  • Gjer det enkelt å dele vidare. I presentasjonar og anna som inngår i podcasten, angir du korleis du vil at opptaket skal brukast, t.d. ved å påføre det ein Creative Commons-lisens. 

Vil du vite meir

Ein treminutts film som fortel kva podcast er (engelsk tale) 
Podcasthandboka forklarer korleis du lagar ein podcast 

Podcastlogo (Peter Marquart - CC BY-SA 2.0)