Setje i gang produksjon av digitale læremiddel ved institusjonen

Setje i gang produksjon av digitale læremiddel ved institusjonen

Mange institusjonar vurderer å starte eigenproduksjon av digitale læremiddel, til dømes videoopptak av førelesingar. Tilrettelegging for digital distribusjon og gjenbruk av materiale kan vere rekningssvarande og framsynt for institusjonen. For å oppnå full effekt med slike initiativ må formalitetane vere klare, og det må finnast formålstenlege «produksjonslinjer».

Slik gjer du det

  • Forankring: Sikre forankring av initiativet. Det er viktig at undervisarane er engasjerte og forstår behovet for å produsere læringsressursar som kan gjenbrukast.
  • Interne reglar: Sjekk om det allereie er fastsett ein politikk for intellektuelle rettar ved skulen/institusjonen før de set i gang med konkret produksjon av digitale læringsressursar. Kva er sagt om rettar til det materialet tilsette og innleigde undervisarar      produserer? 
  • Arbeidsavtalen: Sjekk vilkåra i standard tilsetjingsavtalar. Dei tilsette har kanskje rettar som blir sette til sides med eit slikt initiativ. Gjeld dei same vilkåra for innleigde lærarar og førelesarar? 
  • Avklar bruk med opphavspersonar internt. Inngå om nødvendig eigen avtale med undervisarane som står bak det konkrete materialet, slik at bruksrett og ansvarsforhold blir regulerte på måtar som sikrar institusjonen bruksrett til materialet. 
  • Avklar opphavsrett med tredjepart. Undervisarane som produserer undervisningsmaterialet, må sjå til at tredjepartsmateriale ikkje blir brukt utan samtykke frå opphavspersonen i eigne førelesingar som deretter blir lagde ope ut på nettet. Arbeidsgivaren må tilby opplæring som gjer undervisarar i stand til å oppfylle lovkrava og institusjonens eigne retningslinjer på området. 
  • Jobb strukturert. Etabler ei effektiv produksjonslinje for publisering av digitale læringsressursar ved institusjonen. Dette bør som eit minimum omfatte: 
    • ein redaksjon som hjelper til med tilrettelegging og kvalitetssikring, og som medverkar til at materialet som blir utvikla, held høg kvalitet og er brukarvennleg og pedagogisk 
    • tekniske støttetenester, standardiserte utstyrsløysingar og klare rettleiingar for opptak, redigering og publisering i ulike kanalar, medium og tekniske format 
    • system for namngiving, metadata-indeksering og lagring av materiale
    • opplegg for å gjere det som ligg føre av materiale, kjent for studentane

Vil du vite meir?

Copyright Colourbox