Vise film i undervisninga

Film i undervisninga

Film er eit medium som er godt eigna til å formidle ein bodskap, og er aktuelt i mange samanhengar i skule og høgare undervisning. Film kan vere mangt – t.d. fjernsynsprogram, YouTube-videoar, spelefilm/kinofilm. Film kan òg vere aktuelt å bruke som eit element (t.d. ein kort filmsekvens) i eit meir omfattande undervisningsmateriale.

Slik gjer du det

  • Direkteavspelt film (såkalla streaming) frå Internett er ei lettvint løysing og kan tilby mykje materiale som eignar seg i undervisningssamanheng. Spesielt kan nemnast ressursar som er tilrettelagde for undervisning, til dømes førelesingsdatabasen TED (www.ted.com), YouTube Edu (www.youtube.com/education) eller NRK Skole (www.nrk.no/skole). Sistnemnde er eit klipparkiv frå radio- og fjernsynsarkiva i NRK, tilrettelagt for elevar og lærarar i grunnopplæringa. Klippa er m.a. indekserte etter læreplanmål.
  • Vil du byggje inn filmsekvensar i ei nettside eller ein annan produksjon, tilbyr fleire Internett-filmtenester ein innbyggingskode. Direkteavspelt film som du finn på nettet, kan vere ulovleg framført. Derfor bør du forsikre deg om at rettane til framføring av innhaldet (t.d. musikken) kjem tydeleg fram i filmen. Kontakt eigaren av filmen dersom du er i tvil, før du byggjer filmen inn i produksjonen din. 
  • Det finst òg filmressursar som er Creative Commons-lisensierte, t.d. på http://blip.tv/, som kan lastast ned til eigen PC. Dersom lisensen tillèt redigering, kan du innarbeide enkeltsekvensar av filmen i undervisningsmaterialet ditt.
  • Når det gjeld kringkasta filmmateriale, er det vanskelegare.

◦ Til undervisningsformål kan det gjerast opptak av NRK1, NRK2 og TV2s hovudkanal, men berre til fysiske, separate lagringsmedium, altså ikkje for digital lagring i læringsplattforma eller på ein server på nettet. Det er ikkje lov å gjere opptak av spelefilmar og filmverk som er i handelen, blir viste på kino eller er til utleige. Sjå Norwaco sine avtaler om bruk i undervisninga.

◦ Ein tilleggsavtale mellom Norwaco og universiteta/høgskulane gir dei som har inngått slik avtale, rett til å kopiere også til digitale medium for at personale ved institusjonen kan bruke det internt. Opptaka kan ikkje endrast. Tilleggsavtalen dekkjer òg norskproduserte filmverk og fleire fjernsynskanalar enn dei som nemnde ovanfor.

◦ Alle fjernsynsopptak og bruk av opptak som ikkje er omfatta av gjeldande avtalar mellom Norwaco og skulane/undervisningsinstitusjonane, må avklarast særskilt med rettshavarane til programmet/filmen og det aktuelle fjernsynsselskapet.

  • Skal du vise spelefilm, må skulen eller institusjonen ha avtale med det aktuelle lisensselskapet. MPLC Norge (MPLC.no)og Norwegian Film AS (www.norwegianfilm.as) dekkjer til saman dei fleste filmselskapa i verda. 
  • For grunnopplæringa gjeld at vising av ein spelefilm som ein del av undervisninga i ein skuleklasse er å oppfatte som «privat bruk» og derfor ikkje krev avtalar eller avklaring med rettshavarane.
  • Det er òg slik at film kan siterast i medhald av sitatregelen i åndsverklova. Det betyr at du kan bruke korte filmklipp i tilknyting til det som blir sagt i undervisninga, enten ved at de diskuterer filmklippet som blir framført, eller at filmklippet blir brukt for å illustrere eller understreke eit poeng i det som blir sagt.

 

Vil du vite meir?

Copyright Colourbox