You are here

Spørsmål

Kan eg skrive ned circa 5 prosent av det som blir sagt i ein film, og bruke det som ein tekst til undervisning?

Advokaten svarer

Å skrive ned dialogen i ein film vil vere eit sitat av filmen, eller manuskriptet til filmen. Det er ikkje mogleg å fastsetje ein bestemt prosentdel som kan siterast, verken av ein film eller noko anna verk. Kor langt sitatet kan vere, vil avhenge av føremålet med bruken. Dersom føremålet er analyse, kritikk eller harselas av verket, kan ein sitere meir enn dersom sitatet skal brukast i samband med underhaldning. Siteringa skal alltid gjerast i tråd med god sitatskikk og vere lojal mot meininga i verket.

Filmar og manuskript kan siterast i undervisning utan løyve frå opphavsmannen, og det må ikkje betalast vederlag for bruken. Vanlegvis siterer ein eit verk når undervisninga gjeld dette verket eller for å utdjupe eit emne. Opphavsmannen har krav på å bli navngjeven, og om mogleg skal også tittelen på det siterte verket oppgjevast. Det er elles ingen restriksjonar på korleis sitatet skal brukast, om det skal lesast opp, kopierast til elevane eller publiserast på ei digital læringsplattform.