You are here

Spørsmål

Kan eg lage podcast med klipp frå filmar/TV-serier?

Eg underviser i film- og videoproduksjon og er avhengig av å vise massevis av korte klipp frå spelefilmar, TV-seriar og frå filmar publiserte på nettet. Vil det seie at eg ikkje kan podcaste førelesingane mine, på grunn av rettshavarproblematikk?

Advokaten svarer

 

Dersom dei korte klippa er sitat frå andres arbeid, kan førelesinga podcastast.

Spelefilmar, TV-seriar og filmar kan siterast når undervisninga gjeld desse verka, eller for å skape debatt, spreie kunnskap, gje kritikk eller for å belyse ein påstand. Sitatretten omfattar ikkje delar av ein film eller eit musikkstykke som blir brukt for å skape ei stemning eller som rein underhaldning. Eit verk kan siterast utan løyve frå opphavsmannen og det må ikkje betalast vederlag for bruken.

Sjå også:
Kor mykje kan siterast?
Skilnad på sitat og annan gjenbruk?

Dersom det skal brukast meir enn det som kan reknast som eit sitat, må det hentast inn samtykke frå rettshavarane før førelesinga kan podcastast.