You are here

Spørsmål

Er det tillate å digitalisere videomateriale på VHS for bruk i undervisning?

Advokaten svarer

Undervisningsinstitusjonen kan digitalisere VHS-materiale dei sjølve har laga og som dei har rettane til. Ei digitalisering inneber at det blir laga eit nytt eksemplar av verket, og det krev i utgangspunktet samtykke frå rettshavar. Når undervisningsinstitusjonen skal digitalisere materiale andre har laga, så må det avtalast med rettshavar.

Kopinor-avtalane som dei fleste undervisningsinstitusjonar har inngått, omfattar digital kopiering, men ikkje kopiering av lyd og levande bilete. VHS eller DVD med opptak fra TV kan digitaliserast for bruk i undervisninga om undervisningsstaden har avtale med Norwaco

Den enkelte undervisar kan digitalisere VHS-materiale når det er innanfor regelen om privat yrkesmessig bruk. Kor vidt undervisaren kan kopiere materiale andre har rettane til utan å måtte innhente løyve, kviler altså på ei tolking av kva "privat yrkesmessig bruk" er.  Dersom undervisaren har ei eiga personleg interesse i at materialet blir digitalisert, t.d. materiale som har personleg affeksjon eller som undervisaren sjølv har brukt mykje tid på å skaffe til vege, så kan kopiering vere tillate. Kopiering som er nødvendig for at undervisaren skal kunne gjere jobben sin, må arbeidsgjevar syte for. Då er det ikkje privat kopiering sjølv om hp faktisk blir utført av den tilsette sjølv.

Undervisaren kan ikkje overlate sjølve digitaliseringa (kopieringa) av VHS med film eller musikk til kontorpersonale eller IT-tenesta ved institusjonen. Dette vil vere ei slags "framand hjelp" som ikkje er tillate etter åndsverklova. Men den tilsette kan bruke utstyret ved  undervisningsinstitusjonen for å utføre digitaliseringa og også få hjelp av familie og vener.