You are here

Spørsmål

Kan ein vere sikker på at ein digital ressurs på Internett merkt med Creative Commons-lisens, er opphavsrettsleg klarert?

Advokaten svarer

Som regel vil digitale ressursar merkte med ein fribrukslisens som Creative Commons vere klarerte. Dersom materialet er gjort tilgjengeleg for nedlasting på dei offisielle nettsidene til rettshavaren, må ein kunne rekne med at materialet er klarert for den bruken lisensen tillèt. Mange katalogar og nettsider som tilbyr materiale publisert under fribrukslisensar, har eigne kvalitetssikringsrutinar som gjer at ein som regel kan lite på at materialet er korrekt merkt. Men eit lisensmerke er altså ingen garanti for at alle rettar er klarerte.

Sjå også: Kva er Creative Commons?

Dersom materialet blir gjenbrukt i ein publikasjon utan å vere opphavsrettsleg klarert, risikerer den som publiserer materialet, å bli erstatningsansvarleg.

Når ein i god tru publiserer materiale som er merkt med Creative Commons eller ein annan fribrukslisens, og bruken/publiseringa er i samsvar med lisensvilkåra, blir ein ikkje erstatningsansvarleg. Erstatningsansvar føreset at publiseringa av det ulovlege materialet var rettsstridig, altså at det vart gjort med vitande og vilje (forsett) eller at handlinga var klanderverdig, det vil seie at retten kjem til at du er å laste fordi du burde ha handla annleis.

Her som elles må ein utøve kjeldekritikk og gjerne utføre nokre nærare undersøkingar. Dersom du blir klar over at materialet er ulovleg, må du syte for at materialet blir fjerna på din eigen nettstad. Dersom du oppdagar ulovleg materiale på andre nettstader, bør du varsle den ansvarlege for denne nettstaden.