You are here

Spørsmål

Mange filmar i VHS-format er ikkje i sal lenger. Lærarane ved vår vidaregåande skule ynskjer å bruke dei i undervisninga. Er det lov å digitalisere filmane og leggje dei på eit lukka område på skulen sitt Intranett?

Advokaten svarer

Undervisningsinstitusjonen kan digitalisere VHS-materiale dei sjølv har laga og som dei har rettane til. Når undervisningsinstitusjonen skal digitalisere materiale andre har laga, så må det avtalast med rettshavar. VHS eller DVD med opptak fra TV kan digitaliserast for bruk i undervisninga hvis undervisningstaden har avtale med Norwaco.  

Sjå også: Digitalisere videotape til undervisningsbruk?

Innhenting av løyve frå rettshavar vil dermed også gjelde der filmane skal digitaliserast for deretter å leggjast på eit lukka område på skulen sitt Intranett. Så lenge filmen er meint brukt i undervisninga, kan heller ikkje unntaket i § 12 om privat yrkesmessig bruk kome til bruk.

Som følgje av avgrensingane i føresegna om kopiering til privat bruk inneber klare avgrensingar for bruken av det kopierte materialet, har Kulturdepartementet uttalt: "uansett skal ikke hjemmelen for privatbrukskopiering ivareta behov i undervisning og forskning." Det er dermed ikkje lov å digitalisere filmar for å leggje dei på eit lukka område på skulen sitt Intranett utan innhenting av løyve frå rettshavaren.