You are here

Spørsmål

Er det lov å kopiere eit manus som ikkje er offentleggjort?

Advokaten svarer

Åndsverkvernet er på sitt sterkaste før ei offentleggjering av eit manus. 

Skilje mellom når eit manus er offentleg eller ikkje er viktig ettersom offentleggjeringa mellom anna utløyser opphavsrettslege lånereglar i lovas kapittel 2. Av desse lånereglane kan det til dømes nemnast at manuset vederlagsfritt kan eksemplarframstillast til privat bruk, siterast frå, samt framførast offentleg ved gudsteneste og undervising. Om manuset ikkje er offentleggjort vil korkje lånereglane i åndsverklova eller Kopinoravtalen kome til bruk. 

Det er med det ikkje lov å kopiere frå eit manus som ikkje er offentleggjort.