You are here

Spørsmål

Er det lov å leggje ut ein tidsskriftartikkel i full tekst på læringsplattform, når artikkelen er henta frå ein av dei basane vi abonnerer på?

Advokaten svarer

Læreinstitusjonen har, då han teikna abonnementet, inngått ein avtale med leverandøren av basen. Desse abonnementsavtalane varierer frå leverandør til leverandør, men inneheld ofte eit forbod mot å leggje tidsskriftartiklar i full tekst på ut på andre plattformer. Avgrensingar som følgjer av abonnementsavtalar må respekterast - også når læreinstitusjonen har ein Kopinor-avtale.
Meir om Kopinor-avtalane: Bruk av trykt og digital tekst.

Dersom abonnementsavtalen ikkje seier noko om å leggje ut artiklar på læringsplattform eller liknande, må ein som utgangpunkt leggje til grunn at ein ikkje kan gjere det med mindre Kopinor-avtalen eller privat bruk-unntaket skulle kome til bruk.

Sjå også: Publisering på LMS kontra på nettet?