You are here

Spørsmål

Kan ein vere sikker på at bilete som er merkte med ein fribrukslisens er klarerte, og at personar som er avbilda har godkjent at biletet kan publiserast?

Advokaten svarer

Som regel vil digitale ressursar merkte med fribrukslisensar vere klarerte. Dersom materialet er gjort tilgjengeleg for nedlasting på dei offisielle nettsidene til rettshavaren, må ein kunne rekne med at materialet er klarert for den bruken lisensen opnar for. Men eit lisensmerke er ingen garanti for at alle rettar er klarerte.

Fotografen har rettar til det biletet han/ho tek. Andre kan ikkje publisere bileta utan samtykke frå fotografen.

Personen som er avbilda skal i utgangspunktet samtykke til at biletet blir teke og til at biletet kan publiserast, før det blir lagt ut på nettet. Her blir det slurva ein god del. Men det er enkelte unntak. Dersom eit bilete av ein person har ei aktuell og ålmenn interesse, kan det publiserast, typisk i samband med ei nyhendehending som blir omtalt i media. Fotografen kan også publisere bilete utan å be om samtykke dersom personen er ein del av ei større folkemengd, står i bakgrunnen eller tilfeldig går forbi hovudmotivet og der hendinga har ei ålmenn interesse.