You are here

Spørsmål

Er materiale som er lagt ut på Internett å rekne som offentleg publisert dersom lenkja (url-en) berre er spreidd i ein lukka krins, og materialet ikkje kan søkjast opp?

Advokaten svarer

Opphavsretten inneber at materiale som er verna av opphavsrett i utgangpunktet ikkje kan gjerast tilgjengeleg for ålmenta utan løyve frå opphavsmannen. Ålmenta er, noko forenkla, alle personar utanfor den forholdsvis snevre krins av nær familie og vener. Opphavsretten skil altså ikkje mellom open og lukka krins.
 
Sjølv om materialet blir publisert på ein slik måte at søkjemaskinene ikkje oppdagar fila, vil studentar og andre kunne lenkje til fila eller på annan måte publisere adressa slik at adressa blir synleg for søkjemaskinene, og dermed kan materiale bli ålment tilgjengeleg.  Derfor bør ein bruke eit passord eller andre teknikkar, som t.d. filtring av IP-adresser, slik at berre dei som det er meininga at skal få tilgang til fila, kan laste henne ned.  
 
For Kopinor-avtalane, som gjev løyve til tilgjengeleggjering av kopiar på "lukka nettverk (læringsplattformer, intranett, arkiv m.m.) ", meiner vi det blir urimeleg å hevde at ein kan leggje materiale ut på Internett berre fordi adressa (URL-en) berre er kjend for ein lukka krins.