You are here

Spørsmål

Gjeld sitatretten også screenshots frå dataspel? Vi skal lage ein presentasjon om problemspeling blant barn og unge, og vil gjerne bruke nokre bilete frå kjende dataspel i ulike sjangrar.

Advokaten svarer

Sitatretten i åndsverkslova § 22 har inga avgrensing når det gjeld kva slags verk det kan siterast frå. Ein sekvens av ein film eller tv-program er ein type sitat. Tilsvarande vil truleg gjelde for screenshots frå dataspel.

Det er lov å sitere frå eit verk som er offentleggjort utan å be opphavsmannen om løyve eller betale vederlag så framt dette er i samsvar med god skikk, og naudsynt for eit føremål.

Kravet til "god skikk" må vurderast konkret for dei ulike verkstypane, og innanfor dei ulike bruksområda. Uttrykket viser til ein etisk standard, og inneber at bruken av verket må vere lojal. Dette er likevel ikkje til hinder for å kunne analysere og kritisere dataspela. Føremålet med sitatretten er å sikre den alminnelege diskusjonsfridomen som er ei vesentleg rettesnor ved bruken av denne retten. Utgangspunktet må såleis vere at det er tillate å sitere frå ein serie levande bilete når det skjer i vitskapleg samanheng eller i samfunnsdebatten, som er tilfellet her. Likevel er det grunn til å vere varsam med å knyte bileta opp i mot udokumenterte påstandar, forhold som er utanfor produsentens kontroll eller kjennskap, eller anna som kan vere i strid med "god skikk". I alle tilfelle er det eit krav at ein namngjev rettshavar til verket, at ein oppgjev kjelda, og at ein overheld respektretten, jf. åndsverkslova §§ 3 og 11.