You are here

Spørsmål

Er det fritt fram å kopiere og gjenbruke digitalt materiale der opphavspersonen er ukjend? Og kven skal ein eventuelt kontakte for å klarere materialet?

Advokaten svarer

Materiale som er publisert på Internett for fri bruk kan brukast fritt innanfor ramma av dei lisensvilkåra det er publisert under. Dette omfattar også verk som er publisert under pseudonym - slike verk er ikkje "eigarlause". 

Brukaren må forsøke å finne fram til kven som er opphavsmannen til eit verk for å få løyve til å bruke verket. Rettshavarorganisasjonane har gode oversikter over rettshavarar og kan vere til hjelp med å finne kontaktopplysningar også til opphavsmenn som ikkje er medlemer.

Rettshavarorganisasjonane varetek som regel interessene både til eigne medlemer og til utanlandske rettshavarar. Som eit døme forvaltar TONO i praksis heile verdsrepertoaret når det gjeld komponistar, tekstforfattarar og musikkforlag sine rettar gjennom avtalar med systerorganisasjonane sine. I praksis er det svært sjeldan at ein ikkje finn fram til opphavsmannen. 

Kopiering av delar av verk der opphavsmannen er ukjend, er omfatta av avtalar med avtalelisensverknad. Desse avtalane omfattar også verk med ukjend opphavsmann. Kopinor klarerer dessutan rett til å kopiere bøker og tekstar som ikkje er i sal. 

Det er altså ikkje fritt fram å bruke eller kopiere verk der opphavsmannen er ukjend. Vernetida på 70 år gjeld også for verk med ukjend opphavsmann, men det er litt andre reglar for berekninga av vernetida. Verk som har vorte offentleggjorde utan kjend opphavsmann, er verna i 70 år etter det året verket vart offentleggjort fyrste gong. Men dersom verket alt er meir enn 70 år gammalt før det blir offentleggjort, kan det brukast fritt

Den som offentleggjer verket før vernetida har gått ut, kan krevje vederlag for bruken, føresett at vedkomande har retten til verket (t.d. har kjøpt verket eller arva det). Denne retten gjeld i 25 år.