You are here

Spørsmål

Har studentane lov til å kopiere frå trykt materiale i biblioteket utan å avgrensast av 15 %-regelen i Kopinor-avtalen om det er til privat bruk?

Advokaten svarer

Studentar kan i utgangpunktet ta ein kopi av meir enn 15 % av ei bok når det er til "privat bruk" slik dette er regulert i åndsverklova § 12. I Kopinoravtalen for universitet og høgskolar § 1står det "Avtalen medfører ingen avgrensingar i den retten til kopiering og bruk som er heimla i lov, under dette m.a. tilgangen i høve av [… ]åndsverklova […] § 12 […]."

Åndsverklova § 12 første setning er: "Når det ikke skjer i ervervsøyemed, kan enkelte eksemplar av et offentliggjort verk fremstilles til privat bruk." Departementet har kommentert på dette vilkåret og skrive m.a. at "kor stor del av eit verk og talet på eksemplar som kan framstillast, vil kome an på omstenda i det konkrete tilfellet" og "T.d. vil det normalt ikkje vere tilgang til for personleg bruk å framstille sjølv éin enkelt kopi av ei heil bok eller eit heilt tidsskrift som er å få i handelen (eller forlaget)" (Ot.prp. nr. 15 (1994-95) s. 38). Departementet har rett i at omfanget av retten til privatkopiering kvilar på ei heilskapsvurdering, men fleire har likevel reagert på at heile bøker og tidsskrift ikkje skal kunne kopierast då ordlyden i lova tilseier at "enkelte eksemplarer av et offentliggjort verk" kan framstillast. Ordlyden i lova tel normalt meir enn departementet sine utsegner i forarbeid. Professor Rognstad skriv i Opphavsrett (2009) s. 239 at departementet sin "[…] intensjonen om at hele bøker eller tidsskrift normal ikke kan kopieres til privat bruk er vanskelig å forene med lovens ordlyd. Uttrykket enkelte eksemplarer peker isolert sett i retning av at det minst må kunne fremstilles ett eksemplar, og at begrensningen ligger i hvor mange eksemplarer som kan fremstilles." 

Det er ikkje vanskeleg å sjå at om studentar kan kopiere heile bøker som er å få i handelen vil det kunne råke forfattarane og forlaga hardt samt at vilkåret i åndsverklova § 12 var skrive i ei tid der kopiering var vanskelegare og såleis mindre vanleg enn i dag. Noreg er m.a. etter Bern-konvensjonen artikkel 9 plikta til at unntak frå opphavsmannen sin einerett ikkje skal "conflict with a normal exploitation of the work" og heller ikkje "unreasonably prejudice the legitimate interests of the author". Det kan reisast spørsmål om ei tolking som opnar for kopiering av heile større eksemplar vil vere i konflikt med Noreg sine internasjonale plikter, men dette er ikkje nødvendigvis avgjerande for konklusjonen då Noreg er ein dualistisk stat der folkerettslege plikter normalt ikkje har direkte verknad og harmoniserande tolking difor har sine grenser når ordlyden er rimeleg klar.  

Inntil det kjem ei lovendring eller ei rettsavgjerd om dette spørsmålet vil konklusjonen vere tvilsam, men ordlyden i åndsverklova § 12 talar for at heile verk i dag kan kopierast til privat bruk.  Vil ein vere på den sikre side ved å kopiere mindre, vil uansett 15 % ikkje vere ei absolutt grense for eksemplarframstilling til privat bruk og ein må bruke skjønn.