You are here

Spørsmål

Kan arbeidsgjevar påleggje den tilsette å dele ressursar den tilsette har utvikla, til dømes ved å merkje dei med Creative Commons-lisens?

Advokaten svarer

Arbeidsgjevar kan be undervisningspersonalet om å dele ressursar dei har rettane til, til dømes ved å merkje dei med Creative Commons-lisens. Arbeidsgjevar kan ikkje gje materialet til andre eller publisere det utan at det er avtalt med den tilsette. Opphavsretten oppstår hjå den som har laga materialet og utgangspunktet er at opphavsmannen må gje sitt samtykke for at materialet skal kunne publiserast og delast.

Dersom rettane til materialet har gått over til arbeidsgjevar, eller dersom det ligg føre ein avtale om gjenbruk (t.d. gjennom ein arbeidsavtale der dette er regulert), kan arbeidsgjevar påleggje publisering eller publisere materialet sjølv i kraft av denne avtalen.

Sjå også: Opphavsretten - tilsett eller arbeidsgjevar?

Dersom ein må forstå arbeidsavtalen slik at arbeidsgjevar har rett til å bruke undervisaren sitt støttemateriale, må materialet kunne gjenbrukast av undervisaren sine kollegaer. For å kunne publisere materialet under fribrukslisensar må likevel arbeidsgjevar ha meir enn berre ein bruksrett. Arbeidsgjevar kan alltid leggje til rette for og oppfordre sine tilsette til deling og gjenbruk.