You are here

Spørsmål

Kan biblioteket kopiere og låne ut Open access-innhald?

Kan bibliotek kopiere og låne ut dokument som ligg i open access arkiv, til dømes Brage? Dokumentet har denne teksten på baksida av tittelbladet: "xxxx's publikasjoner kan kopieres fritt og videreformidles til andre interesserte uten avgift. En forutsetning er at navn på utgiver og forfatter(e) angis- og angis korrekt. Det må ikke foretas endringer i verket".

Advokaten svarer

I utgangspunktet får du her eit løyve (ein lisens) mot namngjeving og utan å kunne ta vederlag til å eksemplarframstille og gjere dokumentet tilgjengeleg utan endringar. Du må derfor i utgangspunktet kunne kopiere og låne ut dokumentet. Det kan følgje avgrensingar i kva du kan gjere av brukaravtalen til arkivet, så desse må også sjekkast og respekterast.  

 

 

 

 

Tillegg for grunnutdanning

Det er ingen spesielle vurderingar eller omsyn for grunnopplæringa for dette spørsmålet.

 

Tillegg for høyere utdanning

Spørsmålet rettar seg fortrinnsvis inn mot høgare utdanning.