You are here

Spørsmål

Kan eit bilete eller ein filmsnutt frå t.d. YouTube.com brukast i ei eksamensoppgåve som berre skal lesast av sensorane?

Advokaten svarer

Dei aller fleste bilete og filmar som ligg på Internett er verna av opphavsrett, og det inneber at du i utgangspunktet må ha eit løyve (eller lisens) frå opphavsmannen for å kunne bruke biletet. Dette gjeld sjølv om berre sensorane skal ha eksamensoppgåva. Sjå Kva er opphavsrett?

Ein del bilete og filmar er publiserte på Internett under fribrukslisensar som gjev deg høve til å bruke bilete og film både ope på Internett og i lukka brukargrupper. Lisensen inneber altså eit løyve til bruk frå opphavsmannen. Den mest kjende fribrukslisensen er Creative Commons.

Filmar som ligg på YouTube.com kan brukast i samsvar med brukarvilkåra YouTube har. Heilt kort så inneber vilkåra at du fritt kan strøyme filmar og vise dei på eiga nettside / eigen blogg eller liknande så lenge bruken er ikkje-kommersiell og føresett at filmane ikkje blir endra. Du kan også laste ned filmar når dei er merkte for "download" eller med ei liknande lenkje av YouTube. For meir informasjon sjå YouYube sine brukarvilkår

Ein populær biletbase som inneheld mange bilete som er publiserte under fribrukslisensar, er Flickr. Det er også mogleg å søkje seg fram til bilete som er publiserte under fribrukslisensar, t.d. via Google sitt biletsøk