You are here

Spørsmål

Er det lov å bruke bilete ein finn på Internett i Powerpoint-presentasjonar ein viser på ei førelesing, og kan presentasjonen publiserast i eit lukka forum som LMS-ar?

Advokaten svarer

Heilt kort, men noko upresist, er svaret ja dersom bileta er publiserte under ein fribrukslisens eller dersom undervisningsinstitusjonen du arbeider ved har ein avtale med BONO eller Kopinor og bileta ikkje kjem frå ein biletbank e.l. som krev betalt for bruken, og du ikkje har inngått ein avtale som forbyr deg å bruke bileta.

For å finne eit meir eintydig svar må vi innom fleire spørsmål på vegen.

Dei aller fleste bilete er verna av opphavsrett og det inneber at du i utgangspunktet må ha eit løyve (eller lisens) frå opphavsmannen for å kunne bruke biletet. Sjå Kva er opphavsrett?

Ein del bilete, til dømes ein del av bileta på Flickr, er underlagde fribrukslisens som gjev deg høve til å bruke biletet både ope på Internett og i lukka forum. Lisensen inneber altså eit løyve til bruk frå opphavsmannen. Den mest kjende fribrukslisensen er Creative Commons, sjå Kva er Creative Commons?

Løyve til å bruke eit bilde kan du elles få direkte frå opphavsmannen eller du må undersøkje om undervisningsinstitusjonen har ein avtale med ein rettshavarorganisasjon som gjev løyve til bruk (sjå nedanfor om avtalelisens).

Åndsverklova har også nokre unntak for når verk kan brukast utan løyve, men det er verdt å merke seg at bilete som regel ikkje kan brukast som sitat. Eit sitat innber at ein berre viser ein del av kunstverket. Dette kan krenkje dei ideelle rettane til opphavsmannen, t.d. ved at verkets karakter blir endra når ein berre viser ein liten del. Likevel speler føremålet med sitatet ei rolle, og ein detalj frå eit bilete eller ein skulptur kan visast dersom føremålet er å kommentere eller analysere dette verket. Sjå også:

Er det ulike reglar for kopiering og publisering på Internett, i private krinsar og i lukka grupper (som læringsplattformer t.d. Fronter og Its Learning)?

Kva er avtalelisens?

Kva er skilnaden på eit sitat og annan gjenbruk av eit verk i undervisninga?

 

 

Tillegg for grunnutdanning

Spørsmålet innrettar seg fyrst og fremst inn mot høgare utdanning, men det er omsyn som også vil vere gyldig for grunnutdanninga som er å finne i det generelle svaret over, attåt eventuelle avtalar slik som med Kopinor for grunnutdanninga.

 

 

Tillegg for høyere utdanning

Løyve til bruk gjennom avtale

Gjennom avtale med BONO og Kopinor kan studentar og tilsette ved universitet og høgskular lage digitale kopiar av verna materiale utan å ha løyve direkte frå opphavsmannen.

BONO og Universitets- og høgskolerådet har inngått ein avtale som legg til rette for digital bruk av bilete i undervisninga. Dersom din undervisningsinstitusjon har ein avtale med BONO gjev det deg rett til digital bruk av kunstverk av BONO sine medlemer, medrekna rett til å bruke bileta i presentasjonar og på LMS-ar. Avtalen gjev også rett til å digitalisere bilete som ligg føre i analog form til slik bruk. Kva for institusjonar som har slik avtale går fram her. BONO representerer over 50.000 norske og utanlandske kunstnarar i Noreg. Meir informasjon om kven som er medlem og vilkår for bruken finn du på BONO sine nettsider.

Dei aller fleste universitet og høgskular har inngått ein Mønsteravtale med Kopinor som har avtalelisensverknad. Avtalen er for omfattande til at vi kan gå gjennom heile her, men vi vil peike på nokre sentrale punkt.  For detaljar tilrår vi Kopinor sine nettsider.

For det fyrste kan kopieringa "bare skje til bruk i institusjonens undervisningsvirksomhet og til intern bruk for forskning og administrasjon ved institusjonen", jf. § 8 i mønsteravtalen. Det tyder at du ikkje kan bruke bilete eksternt eller leggje bilete ut ope på Internett, men at du kan bruke bilete i eit lukka intranett eller LMS-ar når desse er passordverna eller har annan tilgangskontroll. Dersom de har avtale med Kopinor, kan du altså bruke bileta på førelesingar og publisere dei på t.d. Fronter.

Det følgjer også av mønsteravtalen § 11 at "verk av billedkunst og fotografi kan bare kopieres fra gjengivelse i bok, tidsskrift eller lignende trykksak". Universitets- og høgskolerådet (UHR) og Kopinor har likevel vorte samde om ein protokoll som opnar for digital eksemplarframstilling innanfor Kopinor sitt kompetanseområde, jf. pkt. 2 i protokollen.  Avtalen gjeld ikkje for bilete som det er naturleg å skaffe seg ved kjøp, til dømes når det går fram av nettsida at fotografen har lagt ut bileta der for sal. Då må du kjøpe bileta.

Enkelte nettstader har sett som vilkår for bruk av materiale på nettsidene at det ikkje kan kopierast. Kopinor synest å meine at ei einsidig utsegn om at bilete og tekst ikkje kan kopierast, ikkje hindrar rett til kopiering på grunnlag av avtalelisensavtalar. Avtalelisensavtalane  er likevel generelt bundne av avtaleavgrensningar når partane har avtalt at materialet ikkje kan kopierast.

Det følgjer ein del andre avgrensingar av mønsteravtalen, som t.d. at kopiering ikkje kan skje på ein forlagsprega måte, jf. §9. For nærare detaljer tilrår vi Kopinor sine nettsider, eller ta direkte kontakt med Kopinor