You are here

Spørsmål

Kan eg bruke stillbilete frå ein tv-serie i bacheloroppgåva mi? Må bileta i så fall takast frå ein DVD-versjon av tv-serien? Korleis viser eg til kjeldene?

Advokaten svarer

Sitatretten opnar for at ein kan bruke screenshots og små klipp frå offentleg tilgjengelege tv-seriar og DVD-ar når det skjer i samsvar med god skikk og i den utstrekninga føremålet krev. I bacheloroppgåva kan du altså ikkje bruke fleire screenshots frå tv-serien enn det du for den faglege analysen din eller som illustrasjon har eit rimeleg behov for. Du kan sitere både nye og gamle tv-seriar, men, med mindre du har løyve frå opphavsmannen, kan du ikkje sitere frå ein serie som endå ikkje har vorte offentleggjord.

Dersom du vil bruke tv-seriar du finn på nettet, bør du passe på at det er ei lovleg kjelde og at du ikkje bruker teknikkar som bryt tekniske vernesystem i prosessen.

Når det gjeld kjeldetilvising må du både rette deg etter åndsverklova og til reglane som universitetet eller høgskulen du går på, har. Frå eit juridisk perspektiv vil det halde at du oppgjev til dømes namnet på serien og episoden i tillegg til kven som er oppført som innehavar av opphavsretten. Dette finn du vanlegvis ved å sjå på opninga av tv-serien og i rulleteksten. Universitetet eller høgskulen som du går på, kan stille krav til meir presis kjeldetilvising.

Sjå også: 
Skilnad på sitat og annan gjenbruk?
Kor mykje kan siterast?
Publisering av innhald frå nett?