You are here

Spørsmål

Kan eg bruke bilete og teikneserier i presentasjonar?

Kan eg bruke bilete og teikneseriestriper i presentasjonar og førelesingar i undervisning og på konferansar? Presentasjonen kan bli publisert på heimesida til institusjonen eller konferansen etterpå.

Advokaten svarer

Bilete og teikneseriestriper vil normalt vere verna av opphavsrett. For å kunne bruke dette, det vil seie for å kunne gjere dei tilgjengelege for ålmenta og gjennomføre eksemplarframstilling, må du anten ha eit løyve av opphavsmannen (lisens) eller så må eitt av unntaka frå opphavsmannens einerett kome til bruk. 

Unntaket for eksemplarframstilling (kopiering) til privat bruk, eller avgrensinga av eineretten ved tilgjengeleggjering (til dømes vise presentasjonen) innanfor privatsfæren, passar ikkje her sidan publikum ikkje er innanfor privatsfæren. Dei har ikkje nære venskaps- eller familieband. 

Unntaket for sitat passar ikkje dersom teikneserien eller biletet berre er brukt for humoristiske føremål, men kan passe til dømes dersom presentasjonen dreier seg om teikneseriar og ein kommenterer på den aktuelle teikneserien.

Derfor vil ein normalt ha behov for ein lisens som gjev ein rett til å bruke teikneseriar i presentasjonar og leggje han ut på nettet. Dette er nok eit område som det blir synda mykje på. Enkelte teikneseriar lèt deg kjøpe lisens, til dømes strandcomics.no, medan andre alt er lisensierte under liberale lisensar som Creative Commons

 

 

 

 

 

Tillegg for grunnutdanning

Klasseromsundervisning i grunnskolen anses imidlertid for å være innenfor det private området, se Ot.prp. nr. 15 (1994-95) s. 126, selv om denne praksisen er kritisert.