You are here

Spørsmål

Kan eg (fritt) bruke klipp frå YouTube i undervisninga?

Advokaten svarer

Alt innhald som ligg gratis tilgjengeleg på YouTube kan brukast i samsvar med Vilkår for bruken som ligg på YouTube-sidene.

Når ein lastar opp filmar på YouTube samtykkjer ein til at filmane kan visast på Internett og i andre mediekanalar til ålmenta. Det meste av innhaldet ligg gratis tilgjengeleg og kan alltid visast i private samanhengar. I grunnskulen kan YouTube-filmar visast for klassen sidan dette er rekna for å vere innanfor det private området. I tillegg bør ein kunne tolke inn eit implisitt samtykke frå rettshavaren, altså den som har laga filmen, om at filmen også kan visast i andre undervisningsinstitusjonar, på same måte som NRKs Nett-TV. Rettshavaren har lasta opp filmen til YouTube med det føremålet at andre skal kunne sjå han. Dersom ein vil endre filmen, krev dette samtykke frå rettshavaren.

Det at innhaldet ligg gratis tilgjengeleg på YouTube, gjev ingen garanti for at det er publisert på YouTube lovleg, altså med samtykke frå opphavsmannen. Dersom filmen er laga av andre eller inneheld musikk laga av andre, må den som lastar filmen opp, fyrst ha samtykke frå rettshavaren.

Sjå også Kan ein vere sikker på at bilete som er merkte med ein fribrukslisens er klarerte, og at personar som er avbilda har godkjent at biletet kan publiserast?

YouTube har ei eiga teneste der rettshavarar kan rapportere til YouTube dersom dei meiner at ein film krenkjer opphavsretten deira. YouTube fjernar materialet etter å ha motteke eit slikt varsel. Dei som lastar opp ulovleg materiale, altså innhald dei ikkje eig, risikerer å få YouTube-kontoen sin sletta og kan ikkje laste opp meir materiale til sidene.

Det ligg også betalingsinnhald på YouTube. Det er eigne vilkår for bruk av innhald det må betalast for. Dette innhaldet er til privat ikkje-kommersiell bruk.