You are here

Spørsmål

Kan eg publisere heile eller delar av eit bilete, ein tekst, eit musikkstykke eller liknande som eg finn på Internett?

Advokaten svarer

Dersom verket er merkt med ein fribrukslisens som t.d. Creative Commons, som tillèt gjenbruk og at verket kan endrast, er det fritt fram å dele opp, modifisere eller setje saman verket på nye måtar. Kva slags bruk som er tillaten går fram av lisensvilkåra (attributtane). Opphavsmannen til det opphavlege verket skal alltid namngjevast. 

Dersom verket ikkje er merkt med fribrukslisens krev det samtykke frå opphavsmannen for å gjenbruke heile eller delar av eit verk. Eit unntak er bruk av mindre delar som sitat. Det er lov å sitere verk utan løyve og utan å betale for bruken.