You are here

Spørsmål

Kan eg gjere opphavsrettsleg klaring direkte med Facebook?

Er det mogleg å klarere bruk av opphavsrettsverna materiale som ligg tilgjengeleg på Facebook, direkte med Facebook i staden for med opphavsmannen?

Advokaten svarer

Brukaravtalane med Facebook gjev Facebook vide rettar til alt innhald som blir delt på Facebook, men vi kjenner ikkje til at Facebook tilbyr noka klareringsteneste der ein kan lisensiere materiale som brukarar har lagt ut på Facebook.

Det kan vere fleire grunnar til det. For det fyrste ville nok mange brukarar reagert på dette, og eit slikt tillitstap er ikkje ynskjeleg for Facebook. Det er også høgst diskutabelt om Facebook har rett til å gjere noko slikt. Vidare vil den som har lasta opp materialet på Facebook, i mange tilfelle ikkje vere opphavsmannen til materialet eller på annan måte ha erverva tilstrekkelege rettar til å gje Facebook dei omfattande rettane avtalen legg opp til, og Facebook vil ikkje kunne gje betre rettar til andre enn dei rettane dei sjølve har motteke. Regelen i brukaravtalen til Facebook er nok i hovudsak laga som eit vern for Facebook heller enn for å drive sal av materiale brukarane har delt.