You are here

Spørsmål

Kan eg omsetje songar til norsk, ikkje bokstaveleg men fritt, og gje ut songane på ein CD eller i ei bok?

Advokaten svarer

Ja det kan du, men som regel ikkje utan løyve frå opphavsmannen dersom du skal publisere/offentleggjere omsetjinga.

Opphavsretten omfattar ikkje berre verket i opphavleg form, men også i "endra skikkelse, i oversettelse eller bearbeidelse", jf. lov om opphavsrett til åndsverk m.v.. Der det berre ligg føre ei omarbeiding eller omsetjing, vil vedkomande få opphavsrett til verket i omarbeidd form, men denne kan ikkje utnyttast utan samtykke frå opphavsmannen til det opphavlege verket, jf. § 4 andre ledd. Utnyttingar av det omarbeidde verket krev altså samtykke frå både omarbeidaren og den opphavlege opphavsmannen; ingen av dei kan rå over den andre sitt verk utan på førehand å innhente den andres samtykke. Opphavsmannen til det gamle verket, t.d. opphavsmannen til ein songtekst, kan likevel ikkje gjere nokon rett gjeldande i tilfelle der det opphavlege verket har vorte brukt som basis for eit nytt sjølvstendig verk, jf. åndsverkslova § 4 fyrste ledd.

Det kan vere vanskeleg å trekkje ei grense mellom det å utnytte eit verk slik at eit nytt og sjølvstendig verk oppstår, og ei omarbeiding av eit verk. Utgangspunktet er at opphavsretten rekkjer så langt som opphavsmannens originale skaparinnsats når, men heller ikkje lenger. Opphavsretten stoppar der nye krefter har frambrakt nye verk, sjølv om det har skjedd under påverknad frå det gamle. Kor langt vernet rekkjer, må elles slåast fast etter ei konkret vurdering sidan lova gjev lite rettleiing. Såleis krev det både juridisk innsikt og kunstnarleg forståing hjå den som skal trekkje grensa.

I tilfelle der ein gjev ut ei bok eller CD der ein har omsett t.d. songar til norsk, ikkje bokstaveleg men fritt, vil dette truleg bli rekna som ei "omarbeiding" og ikkje som eit "nytt sjølvstendig verk" etter åndsverkslova § 4. Det vil såleis bli naudsynt å innhente samtykke frå opphavsmannen til det opphavlege verket før utgjevinga av boka eller CD-en.

Ein kan likevel ha tilfelle der verket er i det fri, anten der vernetida har gått ut eller opphavsmannen har sagt frå seg rettane. Hugs likevel namngjeving dersom opphavspersonane er kjende.