You are here

Spørsmål

Kan eg publisere Podcast og/eller PowerPoint-presentasjonar med opphavsrettsleg verna filmar og bilete på ei digital læringsplattform (LMS)?

Advokaten svarer

Nei, i utgangspunktet kan du ikkje publisere undervisningsmateriale som inneheld filmar og bilete andre har rettane til, utan deira samtykke.

Du kan publisere undervisningsmateriale som sitat frå filmar og kringkastingssendingar når undervisninga gjeld desse arbeida, eller for å skape debatt, spreie kunnskap, gje kritikk eller for å belyse ein påstand. Eit verk kan siterast utan løyve frå opphavsmannen og det må ikkje betalast vederlag for bruken. Sjå også:

Det er inngått avtalar med rettshavarorganisasjonane som bl.a. gjev rett til å kopiere, distribuere og lagre digitalt materiale i læringsplattforma og å vise digitalt materiale på skjerm og elektroniske tavler. Desse avtalane inneber at bilete kan brukast i Podcast og/eller PowerPoint-presentasjonar som blir publiserte i LMS, mot at ein betaler vederlag for bruken, sjå også: Er det ulike reglar for kopiering og publisering på Internett, i private krinsar og i lukka grupper (som læringsplattformer t.d. Fronter og Its Learning)?

Desse avtalane omfattar ikkje rettane til film. Rettane til bruk av film kan klarerast gjennom MPLC Norge eller Norwegian Film AS. Norske produsentar må i nokre tilfelle kontaktast direkte. Kontaktopplysningar kan du få frå Norske film- og tv-produsenters forening.