You are here

Spørsmål

Kan ei studentbedrift bruke program lisensierte for bruk i utdanning?

Advokaten svarer

I praksis vil dei fleste programvarelisensane som er retta mot studentar eller for "akademisk bruk" ikkje tillate kommersiell bruk.

Sidan målet med ei studentbedrift er å lære å drive ei bedrift, vil studentbedrifta normalt drive med avgrensa kommersiell aktivitet. Dersom lisensen berre tillèt ikkje-kommersiell bruk, bør ikkje studentbedrifta bruke programvara i dei kommersielle aktivitetane sine. Til dømes vil publisering av ein app på Android Market eller App Store utvikla med programvare for akademisk bruk normalt ikkje vere lov, særleg dersom ein tek betalt for appen, eller får reklame-, sponsor- eller andre inntekter frå appen. Det er også normalt i strid med lisensar for akademisk bruk å lage til dømes grafisk design som ein sel. Ein må vurdere definisjonen av akademisk bruk i kvar enkelt avtale. 

Det er sjølvsagt ingen ting i vegen for å ta kontakt med leverandøren for å høyre om studentbedrifta kan få eit løyve.

Bruker studentbedrifta fri (eller open) programvare, inneheld ikkje desse lisensane noka avgrensing mot kommersiell bruk, og studentbedrifta kan derfor fritt bruke programvara. Det kan derfor vere praktisk for studentbedrifta å undersøkje om det finst alternativ fri programvare.

Tillegg for grunnutdanning

Spørsmålet innrettar seg mot høgare utdanning, men for grunnutdanninga så har ei tilsvarande undervisningsform i elevbedrifta (GS) og ungdomsbedrifta (VGS). Forholdet til kva som er og ikkje er kommersiell verksemd vil likevel vere det same, og ein bør gjere vurderingar i kvar enkelt avtale. Ut over opphavsretten, så bør ein for grunnutdanninga også vere bevisst avtalerett og kontraktsrett; medrekna mindreårige sitt høve til å inngå kontraktar.