You are here

Spørsmål

Kan ein bruke skjermbilete frå t.d. Microsoft Office eller andre programvareleverandørar når ein lagar instruksjonsvideoar i bruk av programvara?

Advokaten svarer

 

Dette spørsmålet er det diverre ikkje eit enkelt svar på. Det fyrste vi må ta stilling til, er om skjermbiletet er opphavsrettsleg verna.  Dersom det er verna, må vi så ta stilling til om eit av unntaka, i praksis sitatretten, kan kome til bruk. Ofte vil det nok bli naudsynt å innhente løyve frå opphavsmannen for screencasts (instruksjonsvideoar). Ein del program vil likevel vere lisensiert under fribrukslisensar som kan tillate kopiering på nærare vilkår. Spesifikt for Microsoft, så opnar dei for bruk av skjermbilete frå produkta deira med nokre atterhald i brukaravtalane deira.

Er skjermbilete verna av opphavsretten?

Berre originale verk er verna av opphavsretten. Ein del enkle brukargrensesnitt (skjermbilete) vil ikkje oppfylle kravet til originalitet fordi utforminga av grensesnitta blir bestemt av funksjonaliteten brukargrensesnittet skal representere og er prega av alminnelege løysingsval i it-verda. Den moglege variasjonsbreidda vil ikkje vere stor nok. Då vil det ikkje liggje føre ein skapande åndsinnsats, og grensesnittet vil derfor ikkje vere originalt i opphavsrettsleg forstand, sjølv om designen av grensesnittet for så vidt kan vere noko krevjande og byggje på fagleg kunnskap. Dersom eit brukargrensesnitt ikkje er verna av opphavsretten, kan det fritt brukast i instruksjonsvideoar, med mindre lisensavtalen til programmet legg avgrensingar på dette.

Ved designen av brukargrensesnitt vil likevel designarane ofte ha hatt eit større rom for alternative løysingar og tilført noko originalt til løysinga. Desse vil vere verna av opphavsretten. Dagens versjon av brukargrensesnitt til Microsoft Office har detaljerte ikon og layout, og designarane har utvist kreativitet innanfor dette området. I dette tilfellet er det sannsynleg at ein domstol vil kome til at brukargrensesnittet som eit heile er verna av opphavsretten. 

Brukargrensesnitt er i grenseland for kva som blir verna. Oslo tingrett har i Bygg Data-dommen uttrykt at "[…] brukergrensesnitt […] som utgangpunkt ikke nyter opphavsrettslig vern".  Dette er nok for absolutt og dommen er kritisert i juridisk teori. 

Ein del program er lisensierte under fribrukslisensar som kan tillate kopiering på nærare vilkår.

Kjem sitatretten til bruk?

Når brukargrensesnitt er verna av opphavsretten, vil det likevel vere tillate å sitere i "samsvar med god sitatskikk og i den utstrekning formålet betinger." På dette området finst det lite teori og praksis å stø seg til. Truleg vil sitatretten opne for bruk av enkelte skjermbilete når det er naudsynt for å forklare programmet. Det er lite truleg at det er høve til meir omfattande kopiering som video (screencasts) kan innebere. Opphavsmannens økonomiske behov, til dømes til sjølv å kunne selje instruksjonsvideoar og bøker, vil tale i retning av ein snever bruk av sitatretten. Vi vil derfor rå til å innhente løyve frå rettshavarane før ein lagar instruksjonsvideoar.

 

Relaterte spørsmål

Gjeld sitatretten også screenshots frå dataspel?

Bruk av bilete frå TV-serie?