You are here

Spørsmål

Kan ein bruke Spotify i undervisninga? Er det i tilfelle noka avgrensing for kor lenge, og kan skulen kjøpe Spotify-kontoar til lærarane sine for bruk i undervisning?

Advokaten svarer

Spotify er i dag ei teneste som tilbyr musikk til privatpersonar til ikkje-kommersiell bruk. Ifølge vilkåra i Spotifys brukaravtale så inngår dei berre avtalar med privatpersonar og ikkje med skular eller andre typar private eller offentlege verksemder.

Musikken Spotify tilbyr, er klarert gjennom avtalar med rettshavarorganisasjonane eller rettshavarane. Ei liknande teneste er strøymetenesta Wimp. Det er sjølvsagt mogleg å ta kontakt med Spotify eller Wimp for å høyre om dei kan tilby ein avtale om bruk i undervisninga.

Det meste av musikken som Spotify tilbyr, blir strøymt. Strøyming eller ei slags direkteavspeling av musikken som berre inneber ei "midlertidig kopiering av data i arbeidsminne/cache hos mottakeren", jf. Wikipedia. 

Strøyming av musikk kan derfor vere ei opphavsrettsleg framføring. Åndsverklova har ei føresegn som tillèt framføring av musikk i undervisninga. Dette er likevel neppe ein tilstrekkeleg heimel til å seie at eit privat Spotify-abonnement kan brukast i undervisninga utan at rettane til musikken må klarerast. Ei slik forståing vi også vere i strid med avtalen med Spotify.

Netflix er ei liknande teneste for strøyming av film. Som brukar og medlem av Netflix er du underlagt liknande vilkår som hjå Spotify, altså berre til privat/personleg og ikkje-kommersiell bruk.

Tillegg for grunnutdanning

Per i dag blir åndsverklova praktisert slik at ein undervisar i grunnskulen og i vidaregåande skule kan spele sin eigen private musikk for klassen sin utan å klarere rettane, når ein slik bruk kan seiast å vere innanfor det private området. Det er det nære forholdet mellom elevar og lærar i ein klasse som følgjer kvarandre over fleire år som gjer at dette kan vere privat bruk. Det er likevel uklart om ein lærar kan bruke sitt Spotify-abonnement på skulen sidan ein slik bruk kan vere i strid med brukaravtalen med Spotify. 

Tillegg for høyere utdanning

Bruk på høgskular og universitet blir forstått som offentleg bruk. Eit privat Spotify-abonnement kan derfor ikkje brukast i undervisninga på t.d. ein høgskule.