You are here

Spørsmål

Må ein klarere innhald, slik som screenshots eller animasjonar, frå Google Earth til bruk i undervisning ved ein høgskule?

Advokaten svarer

Google Earth er ei virtuell verd som er svært bruksvenleg i alle fag der det er behov for informasjon om jordkloden.

Google Earth oppfordrer lærarar og studentar til å aktivt bruke tenesta i undervisninga, og å kome med tilbakemeldingar om bruken.

Dette kan tolkast som eit implisitt samtykke om at utklipp frå Google Earth kan brukast i undervisningsinstitusjonar så lenge dette er i samsvar med Vilkår for bruken frå Google. Det skal derfor heller ikkje vere naudsynt å klarere innhaldet i screenshots eller animasjonar frå Google Earth til bruk i undervisning.