You are here

Spørsmål

Kan ein undervisningsinstitusjon eller førelesar nekte studentar å ta lydopptak av førelesingar til privat bruk ?

Advokaten svarer

Retten til å gjere lydopptak er avhengig av ei rekkje reglar. Kort kan ein seie at dersom førelesaren samtykkjer til at studenten tek opptak av førelesinga, vil det normalt vere uproblematisk. Situasjonen blir meir kompleks dersom førelesar ikkje samtykkjer eller undervisningsinstitusjonen har reglar som forbyr opptak, sjølv om opptaket berre er til privat bruk for studenten sjølv.

Dersom førelesar ikkje samtykkjer eller undervisningsinstitusjonen har reglar mot det, vil vi tilrå at studenten ikkje tek opptak. Gjer studenten likevel opptaket, er situasjonen noko uklar.

For statlege universitet og høgskular har institusjonen eit generelt ansvar for den faglege verksemda og drifta. På grunn av dette generelle ansvaret bør universitet og høgskular få eit visst rom for å fastsetje reglement som er føremålstenleg for undervisninga. Om denne kompetansen strekkjer seg til å forby lydopptak til privat bruk, er uklart. Når undervisninga omfattar teiepliktige opplysningar, der det er ei plikt til å hindre spreiing, ligg det føre gode grunnar for eit slikt reglement. Private læringsinstitusjonar kan, gjennom avtalane dei inngår med studenten, fastsetje at studentar ikkje skal gjere opptak.

Tilgjengeleggjering for andre utan samtykke

Dersom førelesar ikkje har samtykt og studenten gjer opptaket tilgjengeleg for ålmenta, til dømes ved å leggje opptaket på nettet, vil det vere eit klart brot på åndsverkslova. Åndsverklova tillèt likevel eigen privat bruk av lydopptak.

Sjå også Er CC-innhald alltid klarert?

Teieplikt

Studentar har teieplikt, på same måte som yrkesutøvarar, innanfor det aktuelle fagområdet dei studerer, jf. Universitets og høgskulelova § 4-6. Dette er særleg aktuelt for dei som studerer helse- og sosialfag og pedagogiske fag. Desse har ei plikt til å hindre at teiepliktige opplysningar om personlege forhold lek ut, til dømes helseopplysningar og annan informasjon knytt til ein person.

Tillegg for grunnutdanning

Spørsmålet og svaret innrettar seg mot høgare utdanning, men reglane for samtykke gjeld også for grunnutdanninga.