You are here

Spørsmål

Kan eg kopiere lenkja til ei forskrift på lovdata.no og publisere den som ein ressurs i vår læringsplattform Fronter?

Advokaten svarer

Ja, du kan lenkje til ei forskrift på Lovdata.

Lenking er som regel lov, så lenge det ikkje er reproduksjon med publisering/offentleggjering. Spesielle reglar gjeld også for lover, forskrifter og rettsavgjerder. Ein del nettstader har brukarvilkår som legg avgrensingar på kvar og korleis du kan lenkje. Følgjer du desse brukarvilkåra, er du sjølvsagt på den trygge sida, men slike brukarvilkår kan by på ein del juridiske problem som til dømes kor vidt brukaren har akseptert brukarvilkåra og om brukarvilkåra er rimelege også med tanke på ytringsfridomen. Det kan derfor vere avgrensingar i høvet til å handheve slike brukarvilkår.

Det er verdt å merke at blant anna lover, forskrifter og rettsavgjerder i seg sjølv ikkje blir verna av åndsverklova og derfor fritt kan kopierast, jf. åndsverklova § 9.  Lovdata kan likevel ha laga oppsummeringar av dommar eller lagt til kommentarar og tilvisingar i lover og forskrifter som kan vere verna og dermed ikkje fritt kan kopierast.