You are here

Spørsmål

Kan ein gjere passordverna PDF tilgjengeleg på Internett for undervisning? Er dette då rekna som ei passordverna læringsplattform, som til dømes Fronter?

Advokaten svarer

Det korte og enkle svaret er at det er tryggast ikkje å leggje passordverna PDF-ar som inneheld materiale frå andre ope ut på nettet, men heller bruke ei lukka læringsplattform.

Passordvernar du ei PDF-fil slik at ho ikkje kan opnast utan passordet, blir fila kryptert. Målet med krypteringa er at informasjonen i fila blir gjort uleseleg for alle andre enn dei som har passordet. Kor vellukka dette blir avheng både av korleis programmet du bruker krypterer informasjonen,  kor godt passord du har valt og kor godt du vernar passordet.

Dersom vernet av fila ikkje er effektiv og innhaldet blir tilgjengelig for (delar av) ålmenta, kan læringsinstitusjonen bli erstatningsansvarleg dersom dei kan lastast for dette til dømes ved å ha valt eit dårleg passord eller ikkje halde det hemmeleg.

Å bruke passordverna PDF-filer framfor eit lukka webområde eller læringsplattform kan også ha administrative ulemper. Det blir mykje arbeid med å endre passord på mange dokument dersom passordet skulle bli kjent. Du kan også risikere å tape passordet dersom ein tilsett sluttar.

I nokre tilfelle er det likevel mogleg å gjere passordverna PDF-ar tilgjengelege utan løyve frå opphavsmannen og utan fare for at du set deg sjølv eller arbeidsgjevar i ein vanskeleg posisjon: Dersom du sjølv er opphavsmannen til alt materialet eller materialet er under ein lisens som tillèt fri bruk, kan du sjølvsagt leggje materialet ut på nettet med eller utan passord.

Les meir om tilgjengeleggjering og skiljet mellom privat og offentleg sfære:
Publisering på LMS kontra nettet?