You are here

Spørsmål

Kan ein undervisar lese inn artiklar eller bøker og gjere lydopptaket tilgjengeleg for elevane eller studentane i form av lydbok på ei lukka læringsplattform?

Advokaten svarer

Undervisaren kan ikkje lese inn eit verk, som bøker, noveller, dikt eller artiklar, utan løyve frå forfattaren. Å lese inn eit verk og publisere det på nettet inneber både ei eksemplarframstilling og ei tilgjengeleggjering som er ein del av opphavsmannens einerett i følgje åndsverklova. Mindre delar kan likevel lesast inn som sitat, sjå Kor mykje kan siterast?

Løyve til å lese inn verket må ein få frå opphavsmannen direkte. Fagforeiningane for forfattarar og omsetjarar kan vere til hjelp med kontaktopplysningar for sine medlemer og kan kome med råd om korleis rettane skal klarerast.

Forfattarar av skjønnlitterære bøker kan ein nå via Den norske Forfatterforening.
Faglitterære forfattarar og omsetjarar kan ein nå via
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Barne- og ungdomsbokforfattarar når ein via
Norske barne- og ungdomsbokforfattere.

Det er også eigne reglar for innspeling av lydbøker til bruk for funksjonshemma. Berre enkelte organisasjonar og bibliotek har løyve til å spele inn slike bøker etter avtale med Staten ved Kulturdepartementet. Meir informasjon om bruk av desse lydbøkene kan ein få hjå Statped (om tilpassa lydbøker for grunnopplæringa) og hjå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) (gjeld universitet, høgskular og fagskular).

Tillegg for grunnutdanning

Klasseromundervisning i grunn- og vidaregåande skule blir rekna for å vere innanfor det private området pga. det nære forholdet mellom elevar og lærar til ein klasse som følgjer kvarandre over fleire år. Elevar i grunn- eller vidaregåande skule kan derfor lese inn eit verk og publisere det på ei digital læringsplattform føresett at berre læraren og dei andre elevane i klassen har tilgang til nettsida. Nettsida må altså vernast med passord o.l.

Tillegg for høyere utdanning

Regelen om privat bruk omfattar ikkje bruk av studentar i høgskular og universitet. Desse må derfor be opphavsmannen om lov til å bruke verket så framt desse ikkje deler privat mellom kvarandre i ei lita og avgrensa gruppe. Tilgjengeleggjering på LMS der store grupper, og om så fleire årstrinn, har tilgang, vil ikkje vere tillate utan vidare.