You are here

Spørsmål

Kan elevar og studenter lese inn tekstar som lydopptak på LMS?

Kan elevar eller studentar lese inn artiklar eller bøker og gjere lydopptaket tilgjengeleg for medelevar eller medstudentar i form av lydbok i ei lukka læringsplattform?

Advokaten svarer

I utgangspunktet kan ein ikkje lese inn eller publisere bøker, noveller, dikt eller artiklar skrivne av andre utan løyve frå forfattaren. Eit unntak er sitat som kan lesast inn utan at ein må be om løyve. Sjå: Kor mykje kan siterast?

Det er mogleg å lese inn verk dersom bruken kan seiast å vere privat. 

Sjå også:

Innlesing av tekstar og publisering på LMS?
Publisering på LMS kontra nettet? 

Tillegg for grunnutdanning

Klasseromundervisning i grunn- og vidaregåande skule blir rekna for å vere innanfor det private området pga. det nære forholdet mellom elevar og lærar til ein klasse som følgjer kvarandre over fleire år. Elevar i grunn- eller vidaregåande skule kan derfor lese inn eit verk og publisere det på ei digital læringsplattform føresett at berre læraren og dei andre elevane i klassen har tilgang til nettsida. Nettsida må altså vernast med passord o.l.

Tillegg for høyere utdanning

Regelen om privat bruk omfattar ikkje bruk av studentar i høgskular og universitet. Desse må derfor be opphavsmannen om lov til å bruke verket så framt desse ikkje deler privat mellom kvarandre i ei lita og avgrensa gruppe. Tilgjengeleggjering på LMS der store grupper, og om så fleire årstrinn, har tilgang vil ikkje vere tillate utan vidare.