You are here

Spørsmål

Kan utdanningsinstitusjonen gjenbruke opptak fra ei auditorieforelesning?

Advokaten svarer

Det er krav om samtykke frå førelesaren både for å kunne ta opptak av førelesinga og for å gjenbruke det offentleg i etterkant, som t.d. podcast eller webcast. Eit slikt samtykke kan førelesaren også trekkje attende. Attgjeving av filmen for eit auditorium eller på ei læringsplattform for ei større gruppe elevar i vidaregåande skule eller studentar i universitet eller høgskular, blir også rekna for å vere utanfor det private rom, og altså offentleg.

Sjå også: Er det den tilsette eller arbeidsgjevar som har opphavsretten til materiale undervisarar produserer?

Kor vidt det er krav om samtykke frå alle studentar som har vorte filma, er meir uklart. Det er klart at det ikkje kan publiserast nærbilete av personar som kan identifiserast, utan deira samtykke. Eit bilete av ei lita gruppe, t.d. eit klassebilete i grunnskulen, bør heller ikkje publiserast utan samtykke. Åndsverklova har ei føresegn som vernar retten til eige bilete. Føresegna føreset at personane på biletet kan identifiserast. Korte oversveip og andre bilete av store forsamlingar, t.d. i eit stort auditorium, kan publiserast utan samtykke frå personane i forsamlinga. Dersom det er klart at hovudinnhaldet i opptaket er førelesaren og studentane berre er synlege i bakgrunnen, er det heller ikkje trong for samtykke frå studentane.

Dersom studentar som stiller spørsmål skal filmast, bør desse helst samtykke til dette før føredraget blir publisert. Dersom det er praktisk vanskeleg å få innsamla slike samtykke må undervisningsinstitusjonen i det minste informere i framkant om at førelesinga vil bli filma, slik at studentane eventuelt kan velje ikkje å stille spørsmål.

Eit unntak frå vernet av eige bilete er avbilding av ei hending som har ålmenn interesse. I så fall kan bilete og film av personar og forsamlingar visast offentleg utan samtykke. Noko som kan ha ålmenn interesse er t.d. bilete av ei ulukke eller ei omstridd førelesing.