You are here

Spørsmål

Kan ein undervisningsinstitusjon nekte tilsette å publisere førelesingane sine eller andre eigenutvikla undervisingsressursar på Internett?

Advokaten svarer

Den tilsette bør vere forsiktig med å publisere undervisningsressursar ope på Internett dersom arbeidsgjevar uttrykkjeleg ber om at det ikkje blir gjort og arbeidsgjevar har gode grunnar for å motsetje seg publisering.

Utgangspunktet er at den som har laga undervisningsressursane, har opphavsretten til dei. Opphavsrettane omfattar retten til å avgjere kor vidt ressursane skal publiserast og korleis det skal skje. Utgangspunktet er altså at den tilsette avgjer om ressursane skal publiserast eller ikkje.

Dersom arbeidsgjevar har overteke opphavsrettane til undervisningsressursane så er det arbeidsgjevar som avgjer kor vidt dei kan publiserast. Arbeidsgjevar overtek rettane når det er utrykkjeleg avtalt og når arbeidsavtalen skal tolkast slik.
Sjå også: Opphavsretten - tilsett eller arbeidsgjevar?

Arbeidsgjevar kan også ha ein bruksrett til ressursane som kan vere til hinder for publisering. Dersom bruksretten må forståast slik at han gjev ein eksklusiv bruksrett til arbeidsgjevar og kollegaer, så kan ikkje materialet publiserast ope.

Dersom undervisningsressursane inneheld materiale som andre har opphavsretten til, har den som publiserer materialet ansvar for at det blir henta inn samtykke frå alle opphavsmenn før materialet blir publisert. I framkant av ressurskrevjande utviklingsprosjekt med fleire rettshavarar bør rettane og bruken avtalast i framkant slik at ein unngår konfliktar.

I tillegg har dei tilsette ei generell lojalitetsplikt til arbeidsgjevar som kan hindre publisering. Eksempelvis dersom publisering er i strid med retningslinjene ved undervisningsinstitusjonen eller dersom publisering vil vere svært uheldig fordi undervisningsressursane er uferdige eller om undervisningsinstitusjonen er i ein vanskeleg konkurransesituasjon.

Det kan også vere krav i andre regelverk som hindrar publisering, til dømes dersom undervisningsressursane inneheld teiepliktige opplysningar. Dette må undersøkjast i det enkelte tilfellet.