You are here

Spørsmål

Kan skulen be studenten/eleven om å fråskrive seg rettar til eige arbeid?

Advokaten svarer

Utdanningsinstitusjonen kan be studentane om frivillig å gje ein bruksrett til arbeidet sitt. Når det gjeld mindreårige elevar må føresette samtykkje til dette i kraft av rolla deira som verjer.
 
Likevel bør ikkje undervisningsinstitusjonen be elevane/studentane om ei generell fråskriving eller overførsel av alle opphavsrettar. Ein slik avtale vil fort vere urimeleg overfor eleven/studenten. Utdanningsinstitusjonen bør heller be elevane/studentane om ein bruksrett som dekkjer det konkrete behovet.
 
Av omsyn til opphavsmannen, altså eleven/studenten, som under desse forholda klart er den svake parten i avtaleforholdet, skal ein slik avtale tolkast restriktivt i favør av eleven/studenten der avtalen er uklar.
 
Undervisningsinstitusjonen kan ikkje krevje at elevar/studentar skal publisere oppgåver eller ulike arbeid med t.d. Creative commons-lisens for å kunne levere oppgåver, ta eksamen eller delta i undervisninga. Slike krav kan kome i konflikt med elevens rett til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova, og studentane sine rettar etter universitets- og høgskulelova til undervisning og eksamen. 

Datatilsynet har i brev til Høgskolen i Vestfold den 19. april 2012 lagt til grunn at i utgangspunktet må  "publisering av arbeider på Internett […] være frivillig og basert på informert samtykke". Datatilsynet skriv også i same brev at "[…] Datatilsynet er av den oppfatning at det å pålegge en student å publisere sine arbeider og presentasjoner for en større krets av personer er et inngrep i vedkommendes selvbestemmelse. Publisering av egne arbeider bør derfor være frivillig." 

Undervisningsinstitusjonen kan sjølvsagt oppmode og leggje til rette for frivillig publisering av arbeid. Når elevane/studentane sjølv publiserer oppgåvene sine og bidreg i wikiar og andre dynamiske arbeid frivillig, samtykkjer dei dermed også til publiseringsvilkåra. Eit samtykke til at undervisningsinstitusjonen skal kunne publisere til dømes ei mastergradsoppgåve, kan gjevast munnleg eller skriftleg, men for å unngå diskusjon om dette seinare er det lurt å innhente eit skriftleg samtykke.