You are here

Spørsmål

Kan studentar dele innhaldet frå eit nettbasert kurs med andre?

Advokaten svarer

Det er vanleg at studentar, før dei får tilgang til ein lukka medieportal, må stadfeste at dei har lese og godteke brukarvilkåra til den aktuelle tenesta.  Brukaravtalen vil til vanleg leggje avgrensingar på kva studentane kan gjere på medieportalen samt kva dei kan dele med andre. Lenking til materiale som universitet har sikra at andre ikkje skal ha tilgang til gjennom brukaravtale vil normalt innebere eit kontraktsbrot som kan medføre erstatningsansvar.

Sjølv om brukaravtalen ikkje fastset at studentane ikkje kan dele innhaldet i medieportalen med andre, er utgangpunktet etter åndsverklova at samtykke må hentast inn av rettshavaren. Åndsverklova har likevel fleire lånereglar som kan gje studentane, innanfor visse rammer, rett til å bruke eit verk utan samtykke frå rettshavaren. Studentar kan mellom anna kopiere delar av innhaldet frå ein lukka medieportal til bruk innanfor det private området, sjå Publisering på LMS kontra nettet? Med digital kopiering siktast det til til dømes nedlasting av filer frå medieportalen.

Vidare kan studentane si teieplikt leggje avgrensingar på kva dei kan dele med andre. Studentar har, på same måte som yrkesutøvarar, teieplikt innan det aktuelle fagområdet dei studerer, jf. Universitets- og høgskolelova § 4-6. Dette vilkåret er særleg aktuelt for dei som studerer helse- og sosialfag og pedagogiske fag. Desse har ei plikt til å hindre at opplysningar med teieplikt om personlege tilhøve ikkje lekk ut, til dømes helseopplysningar og annan informasjon knytt til ein person."