You are here

Spørsmål

Kan vi publisere bilder eller filmopptak av forelesere og andre personer uten deres samtykke?

Advokaten svarer

Åndsverklova har ei føresegn som vernar retten til eige bilete og denne føresegna omfattar også bruk av einkvan sitt andlet på film. Føresegna slår fast at personbilete i utgangspunktet berre kan visast offentleg når den avbilda personen har samtykt til det. Det er nokre unntak frå denne føresegna.

Dei tre mest vanlege unntaka: 

  • Dersom biletet eller filmklippet har ei generell ålmenn og aktuell interesse kan biletet eller filmen visast offentleg utan samtykke. Bakgrunnen for unntaket er ynsket om å sikre ytringsfridom og ålmenta sitt informasjonsbehov, medrekna pressa sitt behov for å bruke personbilete i samband med redaksjonell omtale. Ålmenta er vurdert å ha eit større informasjonsbehov i forhold til offentlege personar enn i forhold til andre personar. Kjende og offentlege personar har derfor mindre vern, men heller ikkje bileta av desse kan brukast fritt. Kor vidt bileta kan brukast utan samtykke, må vurderast konkret i forhold til personvernet til den avbilda.
  • Eit anna unntak gjeld bilete av personar som ikkje kan seiast å vere hovudinnhaldet i biletet, typisk personar som blir fanga opp i bakgrunnen av eit bilete.
  • Eit tredje unntak gjeld attgjevingar av bilete eller film av ei større folkemengd i samband med ei hending som har ålmenn interesse, til dømes eit demonstrasjonstog eller ein fotballkamp. Dette unntaket gjeld som oftast utandørsbilete, men kan også omfatte ein reportasje frå ein debatt, tale eller ei omstridd førelesing.

Unntaka frå retten til eige bilete gjeld berre avbildinga av personen. Eit sitat frå eit opptak av ei førelesing kan brukast utan samtykke. 

Sjå også: Kor mykje kan siterast? 

Ei attgjeving av ei heil førelesing kan ikkje publiserast utan samtykke, sjølv om ho har interesse også for andre studentar eller er samfunnsaktuell. 

Sjå også: Kan utdanningsinstitusjonen bruke opptaket på nytt?