You are here

Spørsmål

Kor stor del av eit verk, til dømes eit musikkstykke, ein tekst eller film kan siterast i undervisninga utan samtykke frå opphavsmannen?

Advokaten svarer

Det er ikkje mogleg å fastsetje ein bestemt prosentdel av eit verk, eit tal linjer av ei bok eller minutt frå ein film eller song som kan siterast fritt. Dersom verket er kort, som til dømes eit dikt eller eit kort filmklipp, kan det siterast i sin heilskap.

Kor langt sitatet kan vere, vil avhenge av føremålet med bruken. Dersom føremålet er analyse, kritikk eller harselas av verket, kan ein sitere meir. Eit sitat brukt lausrive frå samanhengen kan berre vere heilt kort, t.d. ei setning eller to frå ein roman som "ord for dagen". Siteringa skal vere lojal mot meininga i verket og må derfor heller ikkje vere for kort.

Eit verk kan siterast utan løyve frå opphavsmannen og det må ikkje betalast vederlag for bruken. Sitatretten skal bl.a. sikre ytringsfridom og opning for debatt og kritikk. Vanlegvis siterer ein eit verk når undervisninga gjeld dette verket eller for å utdjupe eit emne. Opphavsmannen har krav på å bli namngjeven og om mogleg skal også tittelen på det siterte verket oppgjevast.

Andre kunstverk, som fotografiske verk, måleri, skulpturar, etc. kan vanlegvis ikkje siterast. Eit sitat inneber at ein berre viser ein del av kunstverket. Dette kan krenkje opphavsmannens ideelle rettar, t.d. ved at karakteren ved verket blir endra når ein berre viser ein liten del. Men også her speler føremålet med sitatet ei rolle. Ein detalj frå eit bilete eller ein skulptur kan visast dersom føremålet er å kommentere eller analysere dette verket. Det må gå fram at det berre er eit utsnitt.

Kunstverk kan gjevast att i sin heilskap på nærare vilkår.

Sjå også: Kva er skilnaden på eit sitat og annan gjenbruk av eit verk i undervisninga?