You are here

Spørsmål

Korleis handterer ein opphavsretten til dynamiske verk som wikiar og diskusjonsforum? Kan ein fritt kopiere dynamiske verk som er resultat av felles bidrag frå fleire og som heile tida blir endra??

Advokaten svarer

Sjølv om verk blir til i samarbeid er dei opphavsrettsverna; det er mange opphavsmenn til desse verka.

Mange dynamiske verk, som Wikipedia, blir publiserte under fribrukslisensar som Creative Commons. Verka skal då brukast vidare i samsvar med dei vilkåra (attributtane) som verket er publisert under. Dette er typisk krav om at det skal visast til kvar materialet er henta frå, kor vidt det kan endrast og eventuelt kor vidt verket eller delar av det kan brukast kommersielt. Når eit verk er publisert under Creative Commons-lisens om namngjeving, vil det gå fram av verket at det er publisert under denne lisensen og ofte korleis opphavsmenn skal krediterast.

Sjå også: Kva er Creative Commons?

Dersom ein ynskjer å bruke verket på måtar lisensen ikkje tillèt, må ein hente inn samtykke frå alle opphavsmennene.

Det er svært praktisk og det blir rådd til at dynamiske verk, som wikiar og andre samskrivingsverk som blir brukte i undervisning, blir publiserte under fribrukslisensar.

Åndsverklova har ei eiga føresegn om omarbeidde verk som slår fast at den som omarbeider eit verk kan få vern for denne nye omarbeidde versjonen, samstundes som den opphavlege opphavsmannen framleis har vernet av sitt verk i behald. Opphavsmannen til det nye omarbeidde verket kan ikkje opphavsrettsleg rå over dette omarbeidde verket utan samtykke frå innehavaren av opphavsretten til det originale verket. Den "nye" opphavsmannen får berre ein sjølvstendig rett når endringane er så omfattande at det nye verket står fram som eit eige sjølvstendig verk. Ei rein sammenstilling, eller såkalla ”mash-up”, av fleire originale verk kan neppe seiast å vere ei slik omfattande omarbeiding og endring.