You are here

Spørsmål

Korleis tilviser ein til kjelder i podcast og kva rettar har ein til å bruke kjelder i podcast?

Advokaten svarer

Podcast er ei publisering av lyd- eller videoopptak på Internett. Også ved podcasting kan ein sitere andre sine verk, til dømes dikt, skodespel, radio- eller kringkasting, film og musikk. Eit sitat skal ikkje vere for langt og det blir også stilt krav om god sitatskikk

Sjå også: Kor mykje kan siterast?

Der det er direkte tale kan ein vise til kjelda ved å seie namnet til opphavsmannen og tittelen på verket, slik det blir praktisert ved radiokringkasting. Dersom sendinga omfattar bilete, kan namnet på opphavsmannen namnet på verket opplysast med tekst.

Opphavsmannen har alltid krav på å bli namngjeven i tråd med god skikk. Dersom det er urimeleg, vanskeleg eller uråd å få med namnet på opphavsmannen (og tittelen på verket) kan det utelatast.