You are here

Spørsmål

Kva er avtalelisens?

Advokaten svarer

Avtalelisens er avtalar som blir inngått mellom ein brukar (t.d. ein skule) og ein rettshavarorganisasjon (t.d. Kopinor) om at brukaren til dømes skal få lov til å kopiere bøker til undervisninga. Desse avtalane kan gje brukaren rett til å kopiere alle bøker, uansett om opphavsmannen er medlem av organisasjonen eller ikkje, og uansett frå kva land eller på kva språk boka er.

Sjå også: Kven forvaltar opphavsmannen sine rettar?

Rettsorganisasjonen har altså fått rett til å inngå avtalar som er bindande også for opphavsmenn som ikkje er medlemer og som kanskje ikkje ein gong kjenner til organisasjonen. Grunngjevinga for denne ordninga er at det ofte vil vere praktisk uråd for ein brukar å få tak i alle opphavsmenn til bøkene dei vil kopiere frå, for å spørje om lov til å ta kopiar. Gjennom ein avtale med avtalelisensverknad kan brukaren på ein lovleg måte få bruke alle verk, og organisasjonen kan krevje inn vederlag for bruken på vegner av alle opphavsmenn. Alle opphavsmenn har lik rett til å få del i vederlagsmidlane, uansett om dei er medlemer av organisasjonen eller ikkje.

Tillegg for grunnutdanning

Det er ein eigen Kopinoravtale for grunnutdanninga.

Tillegg for høyere utdanning

Høgare utdanning har gjennom UHR både avtale med Kopinor, så vel som mønsteravtale med BONO.