You are here

Spørsmål

Kva er Creative Commons?

Advokaten svarer

Creative Commons er eit internasjonalt nettverk som tilbyr lisensar tilpassa bruk på Internett for å sikre eit fritt kulturelt mangfald. Creative Commons tilbyr rammeverk opphavsmennene kan bruke til å dele det dei har laga med andre.

Materiale som er publisert under Creative Commons kan fritt kopierast og distribuerast til alle som vil ha det via Internett og digitale medium. Opphavsmannen kan velje enkelte kriterium for bruken, til dømes kor vidt andre skal kunne endre materialet og kor vidt andre skal kunne bruke materialet kommersielt. Sjå også Creative Commons sine norske sider.

Det finst også andre fribrukslisensar, til dømes GNU Free Documentation License (GFDL). Vidare er det mange lisensar som blir brukte for fri programvare, til dømes GNU General Public License (GPL).

Sjå også: Er CC-innhald alltid klarert?