You are here

Spørsmål

Kva er "det fri" og "public domain"?

Advokaten svarer

Tekst, bilete, musikk og annan informasjon som ikkje er verna av opphavsrett eller nærståande rettar, er i det fri og åndsverklova legg i utgangspunktet ingen avgrensingar på kva du kan gjere med slik informasjon. På engelsk kallar ein dette for "public domain".

Informasjon kan vere i det fri av fleire grunnar:

  • Vernetida kan ha gått ut, som til dømes Edvard Griegs komposisjonar.
  • Informasjonen kan vere av ein type som ikkje blir verna av opphavsrett. Dette er tilfellet når informasjonen ikkje oppfyller kravet til originalitet. Les meir under: Kva er opphavsrett? Eit anna døme er at nokre kategoriar av verk, som til dømes lover og forskrifter, er unnateke frå vern etter særreglar i § 9 i åndsverklova.
  • Opphavsmannen kan ha sagt frå seg opphavsretten.  Dette kan han gjere til dømes ved å erklære at verket er i det fri. Creative Commons Zero-erklæringa er eit døme på dette.

Etter norsk rett er det usikkert om opphavsmannen gjennom å erklære at verket er i det fri, kan seie frå seg vernet han har mot ikkje å bli krenkt av andres bruk av verket, jf. åndsverklova § 3.

Når informasjon blir underlagd fribrukslisensar som til dømes Creative Commons lisensane eller GNU Free Documentation License, fell han ikkje i det fri. Her har opphavsmannen normalt rettar etter åndsverklova, men han har gjeve brukarane stor fridom til å utnytte verket.